Av Dagfinn Skrede, lege i spesialisering, Drammen sjukehus. Foto: Edvard Munch "Piken og hjertet", 1896. Foto: Munchmuseet / Tone Margrethe Gauden

“For hjertet er livet enkelt: det slår så lenge det kan. Så stopper det.” 

Dette skriv Karl Ove Knausgård (f. 1968) i innleiinga til seksbindsverket Min kamp (1). Mykje med hjertet er i grunnen enkelt. Det er ikkje stort meir enn ei pumpe med fire kammer (i ei knipe kan ein klare seg med to – ei stund (2)) som vert styrt av to knappar: den eine får det til å slå fortare eller ­saktare, den andre gjer at det sler hardare eller svakare. Blod går inn og blod går ut. Verre er det ikkje.

Likevel har menneske gjennom tidene lagt atskilleg meir høgtsvevande ting enn blod i hjertet. I den jødiske Tanakh, det Gamle Testamentet, finn vi eit tidleg døme på hjertet som heimen til kjenslene: “Eg søv, men mitt hjarta vaker”, seier den unge jenta som lengtar etter kjærasten sin (3). Også den antikke greske lyrikaren Sapfo (610-570 f.Kr) lengtar etter ei ho har kjær, og merkar kjenslene i bringa når ho høyrer “…kor trillande du ler, så hjarta bivrar søtt i barmen.” (4). Hjå Sapfo kan kjenslene også bu i eit anna retrosternalt organ – θύμος – som inntil vidare manglar ein eigen pediatrisk subspesialitet.

I hjertet kan ein elles finne det som er mindre behageleg enn kjærleiken: Augustin av Hippo (430 – 354 f.Kr), den største tenkjaren i seinantikken, skriv i verdas fyrste psykologiske sjølvbiografi Confessiones at den menneskelege grunntilstanden er eksistensiell uro. Dette kallar han cor inquietum – det urolege hjertet (5). Noko lystigare er William Shakespeare (1564 – 1616 e.Kr) når han i Henry V presiserer kor viktig det er med eit sterkt hjerte:

“A good leg will fall, a straight back will stoop, a black beard will turn white, a curled pate will grow bald, a fair face will wither, a full eye will wax hollow; but a good heart, Kate, is the sun and moon; or rather the sun and not the moon; for it shines bright and never changes, but keeps his course truly.” (6)

Både ortopedi og oftalmologi ligg altså eit godt hakk bak kardiologien, skal ein tru skalden.

Mange har tenkt mykje om hjertet gjennom tidene. Men hjertet sjølv, har det lete seg bry av merksemda? Ikkje om vi skal tru Sigrid Undset (1882 – 1949):

“Ti sed og skikk forandres meget, alt som tiderne lider, og menneskenes tro forandres og de tænker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager” (7)


Kjelder

1) Knausgaard, Karl Ove (2015): Min kamp – første bok. Oktober forlag

2) Diab, Simone (2019): Fontan-sirkulasjon ved univentrikulære hjertefeil. Tidsskrift for Den norske legeforening

3) Det gamle testamentet, Høgsongen 5:2

4) Sapfo, fragment 31. Frå Kiran et.al (1995): Framande dikt frå fire tusen år. Det Norske Samlaget.

5) Augustin av Hippo (397-398): Confessiones

6) Shakespeare, William (1599): The Life of Henry the Fifth

7) Undset, Sigrd (1915): Fortællinger om Kong Artur og ridderne av det runde bord. Aschehoug.