Av Olav Roti, overlege Førde Sentralsjukehus
Forfatter: Øyvind Kvello
Utgiver: Gyldendal
Antall sider: 576
ISBN: 9788205459816
Utgivelsesår: 2015
Utgave: 2
AKTUELL SOSIALPEDIATRI
Gjennom ein barnelegealder har det vore mange framsteg med auke av kunnskap om belastningar på barn og unge i form av mishandling, overgrep og svikt i omsorg. I etterkant av dramatiske enkeltsaker og meir merksemd også generelt i samfunnet har forventning og krav auka til at aktuelle etater og fagfelt skal avdekke og hindre at barn lir overlast.
Det er ein del av barnelegen sin kvardag å medverke til å oppdage og opplyse slike forhold. Likevel kjenner vi oss gjerne usikre både i møtet med pasient og føresette og i samhandling med andre etater – først og framst barnevernstenesta.
«Barn i risiko» er ei bok som kan være til hjelp på dette feltet. Forfattaren Ø. Kvello er forskar ved RBUP Øst og professor II i psykologi ved UiT. Han har mykje kunnskap og erfaring som han har systematisert og formidler i ei form som er både opplysande og instruerande. Kvello har i sitt arbeid i hovedsak hatt barnevernstilsette som målgruppe, og han vil med boka først og framst gje desse motivasjon og verktøy for å gje tenester til barnet sitt beste.
I første kapittel omtalast og drøftast systemarbeid frå barnevernstenesta sin ståstad. Eg finn dette å være det mest originale bidraget kor vi for vårt fagfelt kan få innspel til å reflektere og plassere vår medverking i saksprosessar.
Dei seinere kapitla beskriv barn sine utviklings- og tilknytningsprosessar som bakgrunn for symptomutvikling og ligg nærare mot barnepsykiatri. Så følger fyldig omtale av alle dei kjente traumesituasjonane: Omsorgssvikt, foreldrerus, seksuelle overgrep, mishandling og vald. Særs relevant for barnelegar.
Det faglege nivået på teksten er høgt og det er rikeleg med aktuelle referanser. Svært praktisk og konkret er eit stort utval av informasjonsboksar og sjekklister kor ein raskt finn informasjon og hjelp til å systematisere.
1.utgava av «Barn i risiko» kom i 2010, både den og den aktuelle utgava bygger på den tidlegare boka: «Utredning av atferdsvansker, omsorgssvikt og mishandling» fra 2007. Ny utgave begrunnast i ny, oppdatert forskning og fagutvikling. «Barn i risiko» framstår no som ei aktuell oppslagsbok som eg sterkt anbefaler tilgjengeleg i barneavdelingar og – praksisar.