Tekst og foto: Barnelege Asle Hirth, Barne- og ungdomsklinikken, Haukeland Universitetssjukehus

Laurdag, 14 august, 2021, klokka 08.29, lokal tid, vart Haiti på ny råka av eit kraftig jordskjelv. Skjelvet skjedde langs den same forkastningen som krevde over 300.00 døde i 2010, men epi sentrum var denne gongen langt frå hovudstaden Port-Au-Prince, og skjelvet fekk difor ikkje like store fylgjer. Men jordskjelv av denne styrken, i områder med dårleg konstruerte hus, vil alltid føre med seg død, alvorlege skadar og fylgjesjukdomar for menneska som bur der. Dette skjelvet kosta meir enn 2000 livet, 12 – 14.000 skadde og meir enn 50.000 hus vart totalt øydelagte. I dagane etter, kom det store mengder regn, som utløyste jordras i dei ustabile massane. Landet utropte katastrofetilstand og ba om hjelp frå storsamfunnet. Ved slike naturkatastrofar, kan WHO og/eller EU, på kort varsel, mobilisere såkalla Emergency Medical Team (EMT). Dette er sertifiserte helse-team, som etablerer seg med akutt- og allmennmedisinsk kompetanse, og kapasitet til å behandle inntil 100 pasientar dagleg. Teamet er sjølvforsynt med alt, unntaken vatn og drivstoff. Norge, i regi av Direktoratet for Samfunnssikkerheit og beredskap, Helse- og Omsorgsdepartementet og Utanriks departementet, var blant dei første i verda til å stille til rådvelde eit EMT (Norwegian Emergency Medical Team – NOR EMT). 20 helsepersonell med støtte frå Norwegian Support Team (NST), reiste på oppfordring frå Haitiske myndigheiter og EU, til Haiti 9 september 2020. Då me forlet Haiti 8 veker seinare, hadde me behandla 2600 pasientar (30 – 40 % barn < 18 år), og rusta opp dei to lokale sjukehusa med medisinsk utstyr og forbruksmateriell, inkludert opplæring, til ein verdi av 7,5 millionar norske kroner.

Laurdag 14 august 2021 klokka 08.29, lokal tid, vart Haiti på ny råka av eit kraftig jordskjelv.

Naturkatastrofar og helsemessige fylgjer for barn

Naturkatastrofar, av alle slag, er dårleg nytt for barn si helse. I kombinasjon med fattigdom er born meir utsette for traumatisk død, alvorlege skadar, fylgjesjukdomar og underernæring, samt langsiktige konsekvensar av uhelse hjå eit ungt menneske. Sjølv om litteraturen ikkje er overveldande, har me i dag ganske god kunnskap om dei direkte og umiddelbare indirekte fylgjene av naturkatastrofar på barn si fysiske helse6. Typiske fysiske helseproblem første månaden etter ein naturkatastrofe er diare, feber, luftvegssjukdom, hovudverk og kvalme. Opptil 50 % av barna rapporterer symptomer foreinleg med post traumatisk stress (hyperaktivitet, søvn- og konsenstrasjonsvanskar), men også depressive symptomer og angst. Eit nytt aspekt, som ikkje har vore godt belyst tidlegare, vert trekt fram i ein nyleg publisert rapport frå det svenske Barnfonden, «Klimathotet mot barnen». Klimaendringar har betydning for 15 av dei 54 barnekonvensjonane. Her peikar ein på at barn ofte må betale dobbel pris for konsekvensane av katastrofen. Flaum og tørke øydelegg livsgrunnlaget til familiar. For å redusere storleiken på familien, blir barneekteskap meir vanleg. Barna må ut i barnearbeid. Av dagens om lag 152 millionar barnearbeidarar, vil 50 % ha arbeid som er direkte skadeleg for dei. I kaoset som oppstår i samband med stor naturkatastrofar blir barn overlaten eller etterletne og utsette for omsorgssvikt, vald, seksuelle overgrep og trafficking.

Store abscessar var vanleg

Jordmor Sigrid Torblå med NOR-EMT’s førstefødte!

Kva oppnådde me med vår innsats på Haiti?

I det store og heile var me eit lite plaster på såret. Me bidrog til å redusere dei helsemessige konsekvensane av jordskjelvet, me var viktige for dei som fekk hjelp av oss og me var eit teikn frå storsamfunnet om at ein blir høyrt og sett. Det var mange, både internasjonale, statlege og private (NGO’s, Non-Governmental Organisations) hjelpeorganisasjonar, som bidrog i lag med oss. Slik sett kan ein seie at storsamfunnet har eit fungerande apparat, som vert utløyst når noko skjer, og er med på å forklare kvifor antal døde etter naturkatastrofar i perioden 1980 – 1999 og 2000 – 2019 er om lag det same, sjølv om antal naturkatastrofar har auka med 74 % i siste tidsbolken.

Korleis kan ting bli betre?

Dagens og framtidas barn vil måtte betale ein uakseptabel høg pris for klimaendringane som skjer. Vissheita om dette synes ikkje å ha nådd politikarar og byråkratar. På agendaen for klimatoppmøter er ikkje dette aspektet nemnt med eit ord, sjølv om det burde vera sjølve drivkrafta i arbeidet for eit berekraftig klima. Som helsearbeidarar kan me vera med på å sløkke brannar, men her, som med alt anna, er førebygging mykje betre for helsa, enn reparasjon. Det er alle sitt ansvar å bidra til å stogge dei negative effektane av forureining, og me kan byrje med oss sjølv, samt heie på kloke og modige politikarar. Me kan bidra til at utsette områder byggjer skular og tilfluktsstader/fluktruter, som står i mot kjente truslar. Når naturkatastrofar likevel kjem, og det vil dei, må me målretta hjelpa til dei mest utsette barna10. Det er barna som var tettast på hendinga (var redde for å dø), barn som fram byr stor grad av mentale helseproblem, barn med små ressursar og jenter generelt. Gledeleg er det å sjå kor mange barn og unge som har eit brennande engasjement i denne debatten. Dei er veldig viktige forandringsaktørar i kampen for eit betre miljø.

Kjelder:

  1. UNDESA/UNICEF 2015 i Child Rights Now; Realising Childrens’s Rights in a Changing Climate.
  2. UNICEF 2020 I Child Rights Now; The case for joint action on climate change. Innocenti: UNICEF Office of Research Innocenti.
  3. Serragli DA, et al. N.A., 2019; Climate-Induced Migration and Resilient Cities.
  4. UN NEWS, UN Office on Disaster Risk Reduction, 2020.
  5. Welge G. 2019. Children’s rights at risk – How climate change affects children’s rights.
  6. Favor LJ. 2011. Global Issues. Natural Disasters. New York: Facts on File.
  7. Klimathotet mot barnen 2021. Barnfonden.
  8. Heldèn D, et al. Climate change and child health: a scoping review and an expanded conceptual framework. Lancet Planet Health 2021;5:e164-75.
  9. Thamarapani D. Natural disasters and child health. Environment and Development Economics 2021;26:26-44.
  10. Disaster Preparedness Advisory Council 2015. Ensuring the health of children in disasters. Pediatrics;136(5):e1407-17.