Kva seier nasjonalmåleriet om eit folk? Vårt eige Vinternatt i Rondane av Harald Sohlberg fortel kanskje at nordmenn er enkle folk som er glade i fin natur og fargen blå. Kva så med finnane, som har valt seg dette biletet - Såra engel av Hugo Simberg (1873-1917)?

Tekst: Dagfinn Skrede, Lege i spesialisering, Barnekardiologisk avdeling, Rikshospitalet

Landskapet i biletet er, med sine horisontale linjer og varme fargar, stilleståande og kontemplativt. Ein liten bekk kryssar inn frå høgre og støttar lineærperspektivet, elles er naturen rundt prega av ro og stillstand. Marka framstår livlaus og fruktbar på same tid, og det brune graset står i kontrast til dei vitale, kvite blomane. Er dette ei blomstringstid eller ein livets haust? Eller kanskje begge delar samstundes? 

Jenta i midten er også ein kontrast: Vesenet hennar er reint og lyst, og soknar meir til himmelen enn til denne verda. Men noko har skjedd: To raude striper bryt opp det kvite i vengjene. Augene, som vi så vidt skimtar under bandet rundt hovudet, vender seg vekk frå himmelen og mot jorda. Og blomane ho held i handa er ikkje livlege som dei andre, men døyande. Kjolen sleper langs bakken, og har blitt frynsete i kantane. 

Også i fargane finn vi kontrastar – til dømes mellom den kvitkledde jenta og den svartkledde guten til venstre. Så svarte er kleda hans at dei ikkje framstår som påførte penselstrøk, men som ei nekting av lyset, eit negativt rom som heller ikkje er av denne verda. Vidare er både jakka og buksa altfor store for han – han passar korkje i kleda han går i eller i rolla han har fått. Likevel aksepterer han lagnaden sin, med eit sørgjande, men bestemt blikk. 

Hugo Simberg: Såra engel. 1903. Olje på lerret. 127 x 154 cm. Foto: Det Finske Nasjonalmuséet / Hannu Aaltonen.

Hugo Simberg: Såra engel. 1903. Olje på lerret. 127 x 154 cm. Foto: Det Finske Nasjonalmuséet / Hannu Aaltonen.

Jenta er kanskje tittelkarakter og sentralpunkt i biletet, men blikket vårt vert òg trekt opp til høgre i biletet, og møter ­augene til den høgaste guten. Også han har to dimensjonar i seg: Han har det runde, mjuke andletet til eit barn, men brune, sterke hender som er prega av motstand og erfaring. Det brune i huda og dressjakka ankrar han i det jordiske landskapet, og med blikket lagar han ein forbindelse til vår verd.

Dei er på veg ein stad, desse tre. Vi veit ikkje kvar – men det veit dei. Kjenslene i andleta deira er mange: sorg, skam, resignasjon, fortviling. Tvil, derimot, er ikkje å spore. Heller ikkje protest eller fornekting. Dette er ikkje born som strittar mot lagnaden. 

Borna i Såra engel er i ein situasjon som born ikkje burde vere i. Det tek ikkje Hugo Simberg omsyn til – og det gjer ikkje livet heller. Alle ønskjer å skjerme borna frå liding, smerte, skam og audmjuking, men dette let seg ikkje alltid gjere. Sjukdom og tap er ikkje reservert for vaksne. I klinikken møter ein born som, nett som gutane på biletet, må bere noko tungt og vanskeleg, eller som, i likskap med jenta, har ramla ned frå himmelen og kræsja i ei verd som har spisse kantar og harde overflater. Å sjå korleis sjuke born taklar møtet med lagnaden sin, kan vere både fascinerande, inspirerande og gåtefullt. Og det kan vere uendeleg sårt. Akkurat som Såra engel av Hugo Simberg. 

Men for all del – Vinternatt i Rondane er fint, det òg. 

Takk til Halvard Hiis for korrekturlesing