Innføring av ny modell for spesialistutdanninga medfører viktige endringar for den som er under utdanning, og for avdelingar som har utdanningskandidatar. Den nye spesialist­utdanninga startar 1.mars 2019.

Tekst: Andreas Andreassen, leiar i spesialitetskomiteen

Bakgrunn for endringa

Helse- og omsorgsdepartementet har gitt Helsedirektoratet i oppdrag å endre spesialistutdanninga og spesialiststruk-turen. Det var også eit ønskje om effektivisering, der målet var at ein skulle bruke kortare tid på å fullføre eit spesialiseringsløp. Legeforeininga var tidleg på banen, og har tatt ei sentral rolle i arbeidet. Foreininga har heile tida vore ein pådrivar for å sikre kvaliteten i spesialistutdanninga, og har jobba for å sikre at kravet om effektivisering ikkje skal gå på bekosting av kvalitet.

Det er bestemt at utdanninga skal endrast frå krav om tenestetid til krav om oppnåing av læringsmål. Sterkt påtrykk frå Legeforeininga gjorde at det likevel vart fastsett ei minimumstid for gjennomføring. Kravet om teneste ved gruppe 1-institusjon er imidlertid tatt bort, og det er ikkje lenger ei deling mellom gruppe 1- og gruppe 2-sjukehus. Det blir ikkje lenger anledning til å erstatte noko av utdanninga med forskingsteneste, men det er sagt at klinisk forsking skal kunne inngå i utdanningsløpa, utan nærare presisering av dette. Det blir ikkje spesialisteksamen. Spesialistutdanninga startar i den nye modellen med LIS 1, som erstattar turnustenesta. Dei som skal ta spesialistutdanning i pediatri går deretter direkte til LIS 3. Teneste som LIS 3 i pediatri må gjennomførast i minimum 5 år før spesialistgodkjenning.

Læringsmål-eit nytt begrep

Begrepet læringsmål har altså fått den sentrale plassen i den nye utdanningsmodellen. Eit læringsmål er definert som den faglege kompetansen ein skal oppnå før ein kan bli godkjend som spesialist. Alle spesialitetar har sine fagspesifikke læringsmål. I tillegg er det innført felles kompetansemål som gjeld for alle spesialitetar. Her er emne som etikk, kommunikasjon, brukarmedverknad, helsesystemkunnskap, sam-handling m.v. Desse felles kompetansemåla skal gjennomførast i heile spesialiseringsløpet, uavhengig av kva spesialitet ein utdannar seg i.

Læringsmåla skal ein oppnå ved ulike former for lærings-aktivitetar. Desse aktivitetane kan vera klinisk teneste, teoretisk undervising, simulering og ferdigheitstrening, veiledning og supervisjon m.v. Veiledning og supervisjon har fått ei sentral plass i forskrifta, og skal vera ein av bære-bjelkane i den nye spesialistutdaninga.

Læringsmåla er nasjonale og forskriftfesta, medan læringsaktivitetane skal bestemmast lokalt på dei enkelte sjukehusa. Sjukehusa må og vurdere kor mange av læringsmåla som ikkje kan bli oppnådde ”i eige hus”, og lage avtalar med samarbeidande sjukehus om tenestetid for å oppnå desse.

Sjukehusa må og vurdere kor mange av læringsmåla som ikkje kan bli oppnådde i eige hus, og lage avtalar med samarbeidande sjukehus om tenestetid for å oppnå desse.

Spesialitetskomiteen si rolle

Spesialitetskomiteane har hatt ei sentral rolle i utforminga av læringsmål. Komiteen vår hadde allereie starta arbeidet med utarbeiding av læringsmål på oppdrag av Legeforeininga i 2010, og hadde såleis eit brukbart skjelett på plass då oppdraget frå Helsedirektoratet kom. Helsedirektoratet hadde imidlertid krav om ”universell utforming” mellom dei ulike spesialitetane, og det vart også bestemt ulike nivå for kompetanse og kunnskap. Det har og vore mykje diskusjon om talet på læringsmål, kor omfattande og konkrete læringsmåla skal vera m.v. Dette har medført at det har vore spela mykje ball fram og tilbake mellom direktoratet, Lege-foreininga og spesialitets-komiteane. Endeleg forskriftfesting av lærings-måla har vore utsett fleire gonger, og er nå bestemt til 01.03.18.

Det har vore eit utfordrande arbeid for spesialitetskomiteen å utarbeide læringsmåla slik at ein sikrar rett kompetanse. Læringsmåla har vore på ei omfattande høyringsprosess, der relevante instansar har vore gitt anledning til å kome med kommentarar til komiteen sine forslag til læringsmål. Det har vore mange motstridande interesser, for eksempel har læringsmål som av nokre blir vurdert som enkle å oppnå, av andre blitt vurdert som urealistiske og uoppnåelege. Det kom i alt 213 høyringsinnspel, og komiteen har etter høyringa bearbeida og justert læringsmåla etter beste evne. Siste versjon levert til Helsedirektoratet har 165 læringsmål.

Kravet om ei viss tenestelengd ved universitetssjukehusa er altså tatt bort i den nye ordninga. Ei av utfordringane i utforminga av læringsmål har vore å sikre at alle likevel må gjere teneste av ei viss lengd ved eit av universitetssjukehusa. Dette har vore eit mål for Legeforeininga, og har vore samstemmig i alle spesialitetskomiteane. Den nye modellen vil truleg medføre ei differensiering i lengda på teneste ved universitetssjukehusa, avhengig av kor mange av læringsmåla ein kan tilby på eigen avdeling.

Dei individuelle utdanningsplanane skal innehalde strukturerte utdanningsløp for heile spesialistutdanninga, inkludert avtale om teneste andre stader enn i eige sjukehus, der dette er nødvendig for å oppnå læringsmåla. Det er det enkelte helse-føretak sitt ansvar å sørge for at utdannings-kandidaten kan gjennomføre utdanninga etter denne planen. Veilednings-kurs blir ein obligatorisk del av spesialistutdanninga, då dette er tatt inn i felles kompetansemål. Det er eit krav for LIS 3 at veiledar er spesialist.

Endring av kurskrav?

Parallelt med arbeidet med læringsmål har spesialitets-komiteen arbeidd med ei endring i kursstrukturen. Kurs-utdanninga i pediatri har vore basert på sentrale emne og valfrie kurs. Størrelsen på kursa og talet på kurstimar har vore slik at ein kan velje bort kursutdanning i sentrale fagområde. Vår målsetjing har vore å sikre at ein får kursutdanning innan alle sentrale pediatriske fagområder. For å få til dette må talet på kurstimar innan dei einskilde fagområda reduserast, samtidig som kursa blir gjort obligatoriske. Dette gir oss ein kursmodell som liknar den som spesialiteten i anestesiologi har. Dette kjem spesialitetskomiteen til å arbeide vidare med, i samarbeid med fagmiljøa og dei regionale helseføretaka. Inntil vidare er det bestemt at det ikkje blir gjort formelle endringar i kurskravet, og kursmodellen av i dag blir vidareført inntil ny kursmodell forhåpentlegvis er på plass.

Nå er det berre å sette i gang!

Med læringsmåla på plass startar arbeidet i dei enkelte sjukehusa med tilpassing av læringsaktivitetar, oppretting av avtalar med samarbeidande sjukehus og avtalar med utdanningskandidatane om utdanningsløpa. Dei første LIS 3 skal starta i ny modell 01.03.19. Det vert ei overgangsordning, der utdanningskandidatar som då har mindre enn tre år gjenståande av utdanninga, kan fullføre i nåverande modell. Dette under føresetnad av at utdanninga vert fullført i løpet av gjenståande tre år. Det blir ikkje høve til å fullføre i nåverande modell etter 01.03.22.

Det er utarbeida ei elektronisk løysing for godkjenning av læringsmåla, og prosessen med spesialistgodkjenning vil bli forenkla i ny modell. Når alle læringsmåla er godkjende av administrativ leiar, kan det sendast elektronisk søknad om godkjenning til Helsedirektoratet, og det vil bli gitt elektronisk spesialistgodkjenning.

Spesialitetskomiteen anbefaler at ein startar å bruke læringsmåla så snart desse er endeleg forskriftfesta og offentleggjort, både for kandidatar som skal fullføre i nåverande og i ny modell. Læringsmåla vil gi eit godt mål på kva kompetanse ein forventar ved tidspunkt for spesialistgodkjenning, og vil hjelpe både utdanningskandidat og leiar til å fastslå når rett kompetanse er oppnådd.

Spesialitetskomiteen meiner den nye utdanningsmodellen er ei kvalitetsforbetring ved at den, betre enn nåverande modell, sikrar at ein ved spesialistgodkjenning har oppnådd tilstrekkeleg kompetanse til å kunne fungere som spesialist på alle norske barneavdelingar og i privat spesialistpraksis. Samtidig får ein betre moglegheit til å sikre mest mogleg lik -kompetanse hos dei som kan kalle seg for spesialist i barnesjukdomar. Me har svært gode spesialistar som er utdanna i den modellen me har i dag, og den nye utdanningsmodellen gjer at den framtidige kvaliteten på norske barnelegar blir sikra.