Fødd slik eller blitt slik? Det er spørsmålet vi stiller oss når vi tenkjer på skilnaden mellom dei to kjønna. Somme ting, som dei primære kjønnskarakteristika, er innlysande hardkoda frå naturen si side. Andre klare ulikskapar, som atferd og preferansar, er meir samansette.
Tekst: Dagfinn Skrede, Barnekardiologisk avdeling, Rikshospitalet
Vi finn eit godt døme på dette i kunsthistoria. Impresjonistane, som grovt sagt opererte i Europa og Nord-Amerika i perioden 1860–1920, gjenskapte motiv dei kunne observere i verda, og fann kjelder til inspirasjon i naturen, i bybiletet, på kaféar og i barar. Målaren var til stades i motivet ikkje berre kunstnarisk, men også fysisk: Han pakka målarsaker, krakk og staffeli og vandra ut i verda på leiting etter ein arbeidsplass. For målarinnene var dette langt frå like lett, sidan sed og skikk i samtida la band på kvar det var sømeleg for kvinner å opphalde seg. Nattlivet, eit ynda motiv for impresjonistane, var sjølvsagt kun tilgjengeleg for kurtisaner og eskortepiker, og heilt uaktuelt for døtrer av borgarskapet. Sjølv noko så tilsynelatande uskuldig som å sitje åleine i naturen og måle utan ein mannleg anstand, kunne bli sett skeivt på.
Men impresjonistmålarinnene lot ikkje penselen ligge av den grunn. Dei tok føre seg motiv frå sine eigne liv og kvardag – og av dette vart det stor kunst. Den mest kjende er kanskje franske Berthe Morisot, som var den fyrste til å nytte spedbarnet og mora som impresjonistisk motiv. Ho må vi kome tilbake til ved eit anna høve. Her heime kan vi skryte av Harriet Backers makelause interiørbilete som ein kan oppleve på Kode i Bergen fram til august i år.
Denne gongen skal vi korkje til Bergen eller til Frankrike, men til Skagen – nærmare bestemt til Anna Ancher (1859–1935). Anna, fødd Brøndum, var dotter til eigaren av Brøndums Hotel der kunstnarkolonien seinare kjend som Skagenmålarane ofte møttest. Unge Anna fatta interesse for målarkunsten og for målaren Michael Ancher, som ho seinare gifte seg med. Allereie i samtida vart Anna Ancher kjend som ein av dei fremste danske impresjonistane, og utstillingane hennar var populære på kunstscenene i Paris og Wien.
Biletet vi skal sjå på i dag er eitt av Anna Anchers mest kjende. Som undertittelen forklarer ser vi Helga, dottera til Anna, som sit på ein stol og strikkar. Spesielt mykje meir skjer ikkje, men biletet rommar likevel ein stor detaljrikdom. Korleis Helga er plassert, er ikkje tilfeldig: Om ein deler biletet vertikalt og horisontalt etter det gylne snitt, vil ein finne at jenta sit om lag der desse linjene kryssar. Høgt på veggen heng eit portrett av Maria. Dersom vi innbiller oss at ho ser ned på jenta med strikketøyet, oppstår det ei usynleg linje mellom dei som lagar rørsle og dimensjon i biletet. Snakkar dei med kvarandre, desse to? Somme tolkarar meiner det, og tolkar biletet som ein referanse til bibelscena der erkeengelen Gabriel gjev Maria bodskap om Jesu fødsel (noko som ifølgje kyrkjekalendaren skjedde 39 veker og ein dag før julaftan, som altså blir Kristi gestasjonsalder). Eller kanskje var det berre slik den blå stova var innreda då Anna målte biletet sitt? Her kan sjåaren bestemme sjølv.

Anna Ancher: Solskin i den blå stue. Helga Ancher ved strikketøjet i sin bedstemoders stue. Olje på lerret. 65,2 x 58,8 cm. Tilhøyrer Skagens Kunstmuseer.
Vi let symbolikken ligge og konsentrerer oss om noko endå viktigare, nemleg fargane. Tittelfargen blått dominerer i eit stort spenn av nyansar. Stoltrekka og dei mørkare delane av kjolen er måla i ein djupare blåfarge som liknar ultramarin. Blåfargen på veggen varierer frå mørk lyseblå til nesten kvit, og her har Anna brukt variasjonar i blåtonar for å skape lys, skugge og perspektiv. Den blå veggen, som dekkjer store delar av bileteflata, er, i motsetning til den tett møblerte høgre sida av biletet, ganske fri og open. I kunstteorien kallast dette eit negativt rom, altså ei tilnærma tom flate i måleriet som skapar ro og harmoni i komposisjonen. Slik slappar sjåaren av og fokuserer på dei meir motivrike delane av biletet. I Solskin i den blå stova er det negative rommet kontemplativt i trippel forstand: for det fyrste fordi det er ope og inviterer til refleksjon, for det andre fordi det er blått – ein passiv, innadvend farge som Goethe skildra som eit «ansporende intet» (1) – og for det tredje fordi det står i tilknyting til den innadvende, fredelege Helga som kviler i sitt eige indre liv medan hendene er opptekne med strikkinga.
Men vel så viktig som blått i dette biletet er den kontrasterande bruken av varm og gyllen brunoransje med islett av neapelgult i dei lyse partia. Blått og oransje er som vi veit komplementærfargar, og det oransje i gardinene, blomane, bileteramma og på stolryggane varmar biletet opp og gjer stova lunare. Som eit tredje fargeelement finn vi mørkt brunraudt i skjorta til Helga og på stolane som gjev dei nedre delane av biletet tyngde. Sluttsummen av samspelet mellom desse tre fargane er langt frå minimalistisk eller rustikk, snarare rik og overdådig – men likevel distingvert og eit godt stykke unna å vere glorete. Stova til bestemor er ikkje ei kvardagsstove der du legg føtene høgt, men eit prydrom som skal brukast med andakt – det ein vestlending kjenner som ei bestestove.
Og til slutt: lyset. Dette klare, kvite solskinet som biletet er oppkalla etter. Det kjem inn frå vindauga til høgre med ein glødande intensitet og blir stadvis dempa av karmane og gardinene, stadvis ikkje. Slik oppstår utallige variasjonar av dei tre fargane vi allereie har nemnt, alt avhengig av korleis lyset treff. I dette samspelet mellom lys og farge, motiv og rom, kort sagt i heile biletkomposisjonen, klarer Anna Ancher å måle fram noko anna og noko meir – men kva? Forfattar og kunstkritikar Henrik Wivel forklarar det slik (2):
«Anna Ancher kan i de bedste øjeblikke ligesom Rothko siges at være en passeur, det vil sige en færgemand, der i kraft af lys og farve skaber en passage og åbner billedets rum mod transcendensen, hinsides horisonten. Anna Anchers billeder er sindsudvidende.»
Betre kan ikkje underteikna få sagt det, sjølv ikkje på nynorsk.
Målte dei impresjonistiske målarinnene huslege motiv fordi patriarkatet nekta dei tilgang til andre inspirasjonskjelder eller fordi kvinner frå naturen si side er meir opptekne av born og interiør? Har Anna Ancher måla eit barn i åndeleg oppvakning eller berre ei bestestove? Lesaren får meine det han eller ho vil. Kjønnskritiske metaperspektiv og nitid symbolgransking er både spennande og engasjerande øvingar, men – i motsetning til sjølve kunsten – sjeldan sinnsutvidande.
Takk til Halvard Hiis for korrekturlesing.
Kjelder:
1: Store norske leksikon: Blått. Lest 31.05.25
2: Wivel, Henrik: Anna Anchers billeder er sindsudvidende. Kristeligt Dagblad 08.02.20