Vil du til neste års barnelegekongress i Georgia? Les her korleis vi smatt gjennom nålauga til årets EAP-konferanse i Warszawa.

Kasper Schei. Kari Mestvedthagen. Karoline Hanevik. Eva Robert. Sunniva Langeland

Den europeiske barnelegeforeininga, EAP, arrangerer kvart år den europeiske pediatrikongressen for å knyte europeiske barnelegar tettare saman. I år skulle Barnelegeforeininga sende fem lisar dit, og vi var skamlause: Samanknyting er noko vi brenn for, ropte vi, da vi alle fem augna ein sjanse for gratis konferanse og tur til Polen.

Vi må innrømme at konferanse var stas. Vi, altså Kari (­Haukeland), Sunniva (Tromsø), Karoline (Elverum), Eva (Førde) og Kasper (Ålesund/St. Olav), møttest på eit Hilton-­hotell (!) i Warszawa og vennskapet florerte. Dette var Gran Canaria-effekten – det er alltid mye lettare å bli venner når ein treffer nordmenn i utlandet. Av internasjonale vennskap kjenner vi òg no:

  • lisen Steven frå Indonesia som tener det dobbelte av oss,
  • småbarnsfar og avdelingsleiar Tomasz som har gått på ei aldri så lita midtlivskrise,
  • fleire polske lisar med umenneskelege arbeidstilhøve, og
  • ukrainske lisar som alle klager over manglande legemiddeltilgang i heimlandet.

Lat oss seie at norske barnelegar kanskje ikkje tener like godt som resten, men at vi har ein merkbart betre kvardag.

Fagleg sett er programmet på EAP-konferansen variert slik som Pediaterdagane, berre med eit europeisk tilsnitt og fylt med halvgod austeuropeisk engelsk. Ei oppdatering på siste europeiske resusciterings-retningslinjer, eit kurs i illraude nevrologiske flagg, fokus på POCUS og framsyningar over kule tropesjukdommar. Det er godt å sjå at Europa gjer det meste på same viset, og vi har lært mye som vi tar med oss heim. Vi kan òg med glede melde om enorme mengder gåver (les: merch frå sponsorar), mellom anna ei kosedyr-geit, gratis geitemjølkbasert morsmjølkerstatning, nokre Duracell-batteriar, og fleire barneklistremerke. Vi var i himmelen.

Festmessig var konferansen ein katastrofe. Det var oss fem og to kule bosniske damar som dreiv dansegolvet etter festmiddagen – barnelegar på kontinentet kan verkeleg ikkje danse. Sånn sett står Vårmøtet i Loen i år i særklasse i europeisk samanheng, og det kan vi (og Førde) vere stolt over.

Alt i alt, ein fin tur. Til slutt var det korleis du skulle klare å søke deg til neste års kongress. Våre beste tips er nok
– 1) å søke innan fristen
– 2) å sleike Farhan oppetter ryggen, sidan det er han som vel ut kven som får dra.

Varme helsingar,

Kasper Schei
Kari Mestvedthagen
Karoline Hanevik
Eva Robert
Sunniva Langeland