Lys og mørker. Fødsel og død. Barn og mor. Det verdslege og det hinsidige. Jula er tida då motsetnadene møter kvarandre.

Tekst: Dagfinn Skrede, lege i spesialisering, Barnekardiologisk avdeling, Rikshospitalet

Ein ettermiddag i advent står ein aldrande kunstnar og ser på det siste biletet han har måla. Ute er det skumring, nesten allereie mørkt. Inne er lysa av. Slik byrjar Jon Fosses nobelprisvinnande romanserie Septologien. Kvifor ser han på biletet i mørkret? 

“… det skjer noko med eit bilete i mørkret, ja fargane vert borte på eit vis, men på eit anna vis vert dei tydelegare, det lysande mørkret som eg alltid freistar å måla fram kan sjåast i mørkret, ja di mørkare det er di tydelegare er det som lyser usynleg i eit bilete …”

Sjølv for dei av oss som bur sør for polarsirkelen, kan desembermørkret opplevast i overkant trykkande. Det er mørkt når vi kjem til sjukehuset om morgonen, og det er mørkt når vi går derifrå om ettermiddagen. Men kanskje kan ein rane til seg eit glimt av desemberlyset frå kontorvidauget (dersom ein er så heldig å ha kontor med vindauge – eller i det heile teke kontor). Då kan ein sjå elegante blåtonar som usynleg nærmar seg det svarte, eller ei smal horisontstripe med ein avstemt solnedgang som blir desto sterkare fordi han er så svak. 

At samanhengen mellom lys og mørker kan vere noko anna enn ein dikotomi, byrja biletkunstnarane fyrst for alvor å utforske i Italia i renessansen. Fyrst ut var Leonardo da Vinci (1452–1519) med chiaroscuro, ein målarteknikk der fordelinga av lyse og mørke parti i biletet vert brukt som eit kompositorisk verkemiddel, særskilt for å skape tredimensjonalitet. Teknikken vart raskt allemannseige, og vart seinare utvikla av kunstnaren bak dagens bilde, nemleg Caravaggio.

Michelangelo Merisi da Caravaggio (1573–1610) var, skal ein tru soga, ikkje ein lett mann å ha med å gjere. Han hadde eit omfangsrikt og ikkje-kjønnsdiskriminerande kjærleiksliv som lett kunne kome i konflikt med normene i den katolske motreformasjonstida. Kranglevoren og drikkesæl var han òg, og ifølgje samtidige kjelder var han ofte å finne i Romas gater på kveldstid, godt drukken på vin og godt væpna med sverd, på leiting etter strid. Til slutt måtte han flykte frå byen etter å ha påført ein meiningsmostandar ein fatal, kirurgisk kastrasjon – antakelegvis på tynn terapeutisk indikasjon. 

Men god til å måle, det var han. Caravaggio turbolada Leonardos forsiktige chiaroscuro, og skapte ein stil der bekmørke, nærmast svarte parti i biletet står i kontrast med sterkt opplyste delar. Denne voldsomme overgangen skapar djupne og dramatikk i biletet, og gjer dei ofte bibelske scenene i Caravaggios bilete særdeles levande. Teknikken kallast tenebroso, italiensk for dunkel og dyster. 

Kristi fødsel med St. Frans og St. Lavrans. Caravaggio, 1609. 268×197 cm. Olje på lerret. Wikimedia commons.

Kristi fødsel med St. Frans og St. Lavrans. Caravaggio, 1609. 268×197 cm. Olje på lerret. Wikimedia commons.

Biletet som ettertida har kalla Kristi fødsel med St. Frans og St. Lavrans er eit godt døme på tenebrisme. Her ser vi den vesle familien i Betlehem: Jesusbarnet med høy til pute, Josef kledd i ein edel grønfarge og med frapperande og avundsverdig velutvikla gastrocnemiusmuskulatur, og ikkje minst sjølvaste Maria, vist som ei ung, enkelt kledd kvinne i ein skarlaksraud kjole og gråkvit skjorte. I andletet hennar kan ein spore ein øm, melankolsk omtanke, ei blanding av morskjærleiken og sorga over lagnaden ho veit ventar sonen. Til høgre, med folda hender og i ein fattigsleg kjortel, like brun som oksen, står St. Frans av Assisi. Som ein kontrast til den fattige Frans står St. Lavrans til venstre, i ei overdådig napoligul kappe med gullprydde duskar på. Over svevar engelen og forkynnar Ære vere Gud i det høgste (Gloria in excelsis Deo). Her lyt vi tilgje Caravaggio ein liten skrivefeil – han stavar det fjerde ordet ‘eccelsis’ – og hugsar at han tross alt var ein større tenebrist enn han var latinist. 

Som i dei fleste av Caravaggio sine meisterverk er lyskjelda i biletet skjult. Lyset kjem inn frå venstre, og må kome frå ei overraskande klår og kraftig kjelde for å kunne lyse opp så godt som det gjer. Somme av dei bleikare flatene i motivet absorberer lyset godt og blir særdeles framtredande. At mange av desse er anatomiske strukturar – halsen til St. Lavrans, skuldra til Maria, høgrearmen til engelen og underekstremitetane til Josef – gjer biletet kroppsleg og vitalt. Andre element er så skuggelagde at dei knapt er synlege: som Jesu venstre arm og andletet til St. Lavrans. Mellom Maria og Jesus er det også ei lakune av svart, som understrekar det irreversible skiljet som har kome mellom dei to som for litt sidan var eitt. 

Det mest kjende dømet på born i biletkunsten er Jesusbarnet og Maria, gjerne med fleire bibelske figurar i det som kallast den heilage samtalen (sacra conversazione). Caravaggio måla sjølv fleire utgåver av dette motivet. I akkurat dette biletet, som han fullførte i Siracusa på Sicilia i 1609 og som seinare vart flytt til Palermo, vert sjåaren invitert til ein meditasjon over motsetnaden og fusjonen mellom fleire omgrepspar: Den overdådige Lavrans står overfor den fattige Frans. Himmelen, representert ved engelen som peikar oppover, står rett attmed den jordiske oksen. Det mannlege og det kvinnelege vert vist med Maria og Josef i kvar sin primærfarge. 

Aller størst motsetnad finn vi likevel i sjølve det nyfødde barnet. Frå eit anatomisk og fysiologisk perspektiv er den nyfødde eit paradoks: Det har på langt nær utvikla dei eigenskapane som skal til for å overleve på eiga hand utanfor livmora og er, som Shakespeare skreiv i Rikard III, “… uferdig, utsend føre tida, knapt halvt gjort ferdig for den kalde verd …” Men barnet hadde samstundes ikkje kome seg gjennom vår arts trange fødselskanal dersom svangerskapet hadde vart spesielt mykje lenger. Nevrologisk er det få spor etter noko som liknar ein høgare organisme, og alle handlingar skjer som følgje av reflektoriske, autonome og humorale responsar. Samstundes ville nok påstanden om at nyfødde ikkje er for menneske å rekne, bli møtt med ein viss skepsis om den hadde blitt lansert på eit gjengs pediatrisk morgonmøte. 

Meir enn noko anna er den nyfødde eit bilete på liv. Men i fødselsstunda er også døden til stades, både for alle dei borna og mødrene som gjennom tidene – og den dag i dag – har døydd i barsel, og for alle oss andre som har blitt fødde inn i eit liv som ein gong skal ta slutt. Det er byrjinga på noko nytt, men også eit omkvede av dei generasjonane som allereie har vore – for ingenting er nytt under sola. Og håpet for alt det gode som ventar barnet er blanda med frykta for kva det vil oppleve i ei vond verd. I myten om Jesu fødsel ser vi også barnet som møtet mellom Gud og menneske, som det himmelske som vert jordisk. Eller som målaren i Septologien tenkjer det:

“… men er ikkje mennesket einskapen av motsetnader, ja eit paradoks, dei seier, coincidentia oppositorum, dei seier, med sin kropp og si sjel, slik Kristus var både menneske og Gud …”

Coincidentia oppositorum: staden der motsetnadene møtest og blir til noko meir, noko større. Som den svake og sterke adventsskumringa. Som det voldsomme møtet mellom lys og mørker i Caravaggios julekrybbe, som gjer at biletet lever og pustar. Og som jula, tida då ein let seg omfamne av mørkret i trygg visse om at det snart kjem lysare tider.

Born i bilete takkar for følgjet og ønskjer lesarane (lesaren?) ei riktig god jul. 

Takk til Halvard Hiis for korrekturlesing.


Målarteknikkar

Chiaroscuro: Aksentuert fordeling av lyse og mørke område i eit bilete på ein slik måte at fordelinga verkar både samlande og -ekspressiv.

Tenebroso: Sterk kontrast mellom opplyste detaljar og ein mørk bakgrunn aukar -tredimensjonalitet og spenning i biletet.

(Kjelde: Store norske leksikon)


San Lorenzo i Palermo

Har du lyst å sjå originalversjonen av dette biletet? Då har du uflaks. Ein oktoberkveld i oktober 1969 tok tjuvar seg inn i San -Lorenzo-kyrkja i Palermo der verket hang, skar lerretet laus frå ramma og stakk av. Sidan har ingen sett det. 

Du kan lese meir om dette uløyste brotsverket i BBC-nettsaka Caravaggio’s Nativity: Hunting a stolen masterpiece. 

Men San Lorenzo i Palermo er framleis verdt ei vitjing. I 2014 lagde det spanske selskapet Factum Arte ein nitid reproduksjon i fullskala av det stolne verket. Denne prosessen kan du lese om på Factum Arte sine nettsider.