Den fantastiske bussen er ei barnebok om hyperkapitalisme, død, angst, ondskap og Gud
Tekst: Dagfinn Skrede, overlege Barnekardiologisk avdeling, Rikshospiatalet og mangeårig skulebusspassasjer på Riksveg 15
Ååå, her e’ vi igjen – denne gongen med ei fantastisk stor bok. Så stor at ho, med sine 2,5 kg i nettovekt og 77 cm i fullt vingespenn, neppe ville fått plass på ein legepult i kontorlandskapet på eit nybygd norsk sjukehus. Heldigvis er denne problemstillinga reint teoretisk, ikkje berre fordi det aldri er ledig plass i kontorlandskapet, men også fordi boka, som kostar rett oppunder tusenlappen, er altfor dyr til at avdelingane kan kjøpe henne inn.
Om ho er stor utanpå, er ho vesentleg større på innsida. Skaparen, den danske serieteiknaren og barnebokforfattaren Jakob Martin Strid, brukte over 15 år på å lage boka, og skildrar henne som eit evighetsprosjekt – eit ord som også kan brukast om innhaldet i boka. Ho tek oss nemleg med på ein odyssé gjennom nokre av dei eldste og viktigaste tema i den vestlege tankeverda, frå det bibelske Midtausten, gjennom Russland på 1800-talet og til ei postapokalyptisk framtid. Så hopp om bord, kjære lesar, for kliss, klass, cruise – bussen e’ i rute!
Møkkaguder
Kvifor finst vondskap dersom Gud både er allmektig og god? Dette problemet – vondskapsproblemet – har teologar og filosofar bala med lenge, frå den førkristne grekaren Epikur via kyrkjefaren Augustin og til den moderne samfunnsvitaren Max Weber. I Den fantastiske bussen formulerer André, ein bråsint tiger, problemstillinga imponerande konsist:
Gudene!? sa han.
DET FINNES ingen guder! Hvis gudene fantes, hvorfor stanser de ikke dem som river husene våre?? Hvorfor gjør de ikke lille Timo frisk?? Fru Friby ligger på kne og ber hver dag!! Enten KAN de ikke hjelpe oss, ellers VIL de ikke hjelpe oss! I begge tilfeller er de noen MØKKA-guder!!! Jeg tror på meg selv! Tiger tror på Tiger! UAARGH!!
Når han kallar ein av dei sentrale karakterane sine – passande nok ein løve (lat. leo) – Tolstoj, opnar Jakob Martin Strid dørene mot den rike russiske 1800-talslitteraturen. Tydelegast er kanskje referansane til Brørne Karamasov av Fjodor Dostojevskij som, i tillegg til mykje anna, fortel om historia om vesle Iljusja. Denne guten kjem frå ein fattig og audmjuka familie, vert mobba av jamaldringane, og ikkje nok med det: Tæringssjuk er han òg, og til slutt døyr han. Parallellen til vesle Timo er klar, og med den spørsmålet som ligg under kvar einaste arbeidsdag i barnelegelivet: Kvifor må born lide?
I Brørne Karamasov er det ikkje ein tiger som tek opp spørsmålet, men den klårtenkte intellektuelle Ivan, som i samtale med broren konkluderer med at vondskapen i universet er ein uakseptabelt høg pris å betale for menneskelivet:
Jeg fornekter ikke Gud, Aljosja, jeg sender ham bare høfligst billetten tilbake.
Filosofien og teologien gjev ikkje noko fullgodt svar på vondskapsproblemet. Det gjer heller ikkje kristendomen (3). Når vitskapen kjem til kort, kan omgrepsparet problem og løysing erstattast med mysterium og refleksjon, og gjennom å utforske desse kan kunsten vise ein annan veg til sanninga enn det vitskapen kan. Den fantastiske bussen køyrer ikkje nett same veg som Brørne Karamasov, men begge er verd turen.
Born i baljar
Av og til kan noko viktig kome rekande på ei fjøl. Det gjorde nemleg vesle Timo, som fru Friby fann i ein gul balje på vatnet og tok til seg. I Det gamle testamentet finn vi eit liknande motiv i soga om Moses. Han kjem drivande ned Nilen i ei kiste av papyrusrøyr og vert funnen av dottera til farao, som fostrar han opp. Desse to forteljingane har fleire likskapar: Dei handlar begge om folk som er annanrangsborgarar og vert undertrykte av makthavarane. Korkje israelittane i Egypt eller dei fattige dyra i Ahnstarr City har von om ei betre framtid. Så kjem løysinga rekande: Timo, det sjuke barnet i baljen, døyr om han blir verande i den forpesta byen. No har ikkje dyra noko val lenger, no må det handlast. Slik blir Timo på eit vis den som fører dyra ut av byen, nett slik Moses førte israelsfolket ut av Egypt. På veg til det lova landet møter dei fordrivne stor motgang. Når det ser mørkast ut for Israelsfolket, opnar Gud vegen ved å la Moses dele Sivsjøen. Også i Den fantastiske bussen må det gudehjelp til når det røyner på – men fleire detaljar vil ikkje Paidos røpe.
Man kunne høre at han var full
Komplekse karakterportrett er, forståeleg nok, ikkje det ein vanlegvis assosierer med barnebøker. Konsentrasjonsevna til lesarane kan målast med pipette, så teksten må haldast kort og fyndig. Dessutan forstår born ting i klare kategoriar, og har vanskeleg for å ta innover seg gråsonene som ofte kjem med framstillinga av ekte menneske. Eller er dette berre ein fordom vi vaksne har?
I alle tilfelle: I Den fantastiske bussen får vi, i løpet av få, korte tekstlinjer saman med ypperleg teiknarkunst, servert portrett som rommar eit heilt liv. Hunden Lucas, til dømes, er lei seg for at huset hans vert rive. Men kvifor går han i militær uniform? Og kva i alle dagar har det seg at han, på lyse dagen og midt i ei barnebok, er ravande full? Jakob Martin Strid skriv med ein ordøkonomi som hadde gjort sjølvaste Hemingway avundsjuk. Ikkje berre gjev han oss livssoga til Lucas, ei historie om traumer, eventyr og rusproblem. Han syner oss også eit breiare samfunnsbilete der folk, sjølv om dei er dyr som går på to bein og snakkar, er ekte, i tydinga at dei har både sterke og svake sider. I Lucas får vi eit karakterportrett som er varmt og sårt, og utvilsomt komplekst. Slike er det mange av i Den fantastiske bussen, og det gjer reisa til ein svir.
Vodafone-estetikken
Eit kriterium for god kunst er, i følgje somme, at den opnar augene våre for det som er rundt oss og at vi, etter ein busstur gjennom eit kunstverk, kjem attende til ei rikare verd. Men rikare er ikkje alltid vakrare.
Handlinga i Den fantastiske bussen tek til i den store, men ikkje spesielt pene byen Ahnstarr City. Her er firkanta blokker og breie vegar slengde omkring, tilsynelatande utan omsyn til estetikk. Den einaste ornamenteringa er dei mangefarga reklameskilta som pryder tak og veggar med logoen til multinasjonale selskap – somme oppdikta, somme ekte. Det er innlysande at handelsstanden får definere bybiletet meir eller mindre som dei vil, og resultatet er eit arkitektonisk mareritt som lesaren lengtar etter å vakne frå. Då er det stusseleg å opne augene i det ekte Noreg, der byane er tapetserte av reklameplakatar og brulagde med elsparkesyklar, og bygdene stort sett består av firkanta, einetasjes kjøpesenter og næringsbygg som ligg på kvar si side av overdimensjonerte parkeringsplassar.
Eg melder flytting til Balanka.
Kjelder:
Barnebokkritikk.no 14.12.2016 Jeg lager barnebøker fordi det er det jeg kan. Lest 11.4.26
Dostojevskij, Fjodor: Brødrene Karamasov, femte bok, kapittel IV: Opprør. Til norsk av Geir Kjetsaa. Solum Forlag, 2001.
SNL: https://snl.no/det_ondes_problem. Lest 3.5.26



