Når ein høyrer namnet Pablo Picasso (1881-1973), tenkjer nok mange på kubismen og på modernistiske verk der verda slik vi kjenner henne vert stykka opp i framande ­geometriske former. I motsetnad til slike seinare måleri er dette verket, Akrobatfamilien (Famille de saltimbanques) straks meir attkjenneleg - men, ved nærare gransking, ikkje mindre framandgjerande og modernistisk.

Tekst: Dagfinn Skrede, Lege i spesialisering, Barnekardiologisk avdeling, Rikshospitalet

Biletet er måla i 1905, ei tid då lukka tok til å snu for unge Pablo. Etter mange år med fattigdom og vanskelege livsvilkår tok han no til å bli ein ettertrakta kunstnar. I kjærleikslivet gjekk også ting godt. På denne tida byrja Picasso å bruke varmare fargar, og åra mellom 1904-1906 kallast «den rosa perioden». 

Ein treng ikkje leite lenge for å finne varme fargar i dette biletet. Sjå til dømes på skjørtet til kvinnefiguren nede til høgre, der det raudoransje signaliserer noko vitalt og kroppsleg. Dei italienske renessansemålarane, m.a. Rafael, målte ofte Jomfru Maria med raudleg skjorte som symbol på den fysiske dimensjonen hennar, medan kleda på underkroppen målte dei i blått, fargen for det himmelske og det ubesudla. At Picasso har snudd om på dette fargeskjemaet, er neppe tilfeldig. Ein kan følgje det raudoransje i ei slags linje via sjalet den vesle guten har kring skuldrane og opp til den meir intenst raude habitten som den velfødde gjøglaren har kledd seg i. Det rosa i kjolen til den vesle jenta legg også til rette for ei lun stemning i biletet. 

For å balansere desse varme fargane, brukar målaren blått. Himmelen er prega av ein lystig blåturkis som vert spegla i jakka til den vesle guten. Det er òg ein litt djupare, nærmast ultramarin blå på buksa hans og på jakka til kvinna. Dette er livlege blåtonar som, heller enn å dempe dei varme fargane, skapar ein leiken harmoni i biletet. 

Varme, harmoni og samspel er altså biletet rikt på – men berre om vi ser på fargane. For sjølve motivet syner oss noko heilt anna. Tre vaksne og tre born – ein familie, om vi skal tru tittelen – er avbilda i eit goldt og monokromt landskap, mykje likt Picassos heimtrakter i Andalucìa. Familiemedlemmane er nære kvarandre, men berre i romleg forstand: Blikket og kroppsspråket til kvar enkelt gjev inntrykk av at dei andre slett ikkje finst. Ingen av personane på biletet er spesielt interessert eller engasjert i dei andre, og det er ikkje noka nemneverdig form for kommunikasjon eller emosjonell kontakt mellom dei. Dei er åleine saman. Ved fyrste augekast ser den vesle jenta ut som eit unntak, der ho kviler handa si mjukt i handa til harlekinen – men så ser vi at begge to er likesæle til det som skjer rundt dei, og at dei held hender meir av gamal vane og skikk enn av nærleik til kvarandre. 

Pablo Picasso - Akrobatfamilien

Pablo Picasso – Akrobatfamilien

I Akrobatfamilien viser Picasso einsemda som eksistensielt grunnvilkår og minner oss om at uansett kor mange vener, familiemedlemmar, kollegaer og pasientar ein omgjev seg med, uansett kor mykje kjærleiken, gudstrua eller rusen prøver å overtyde oss om det motsette, så er mennesket til sjuande og sist åleine i verda. Livia i gangsterserien Sopranos sa det brutalt og enkelt: «in the end you die in your own arms.» 

Finst det eit lyspunkt i ei slik verd, der jorda er gold og karrig og menneska låst inne i seg sjølve? Kanskje. Sjå på den vesle guten i blå jakke. Han er eit slags midtpunkt i bildekomposisjonen, både fordi bakgrunnslyset fell naturleg på andletet hans og lagar ein det som minner om ein glorie, og fordi plasseringa hans i biletet passar godt med det gylne snittet. I motsetning til dei andre, er ikkje blikket hans tomt og introspektivt, men utovervendt og retta mot noko anna, nemleg kvinneskikkelsen – mora? – nede til høgre. 

Kanskje er det slik som den tyskspråklege diktaren Rainer Maria Rilke hevdar når han skriv om biletet, at eit barns ømme blikk retta mot mor kan vere ein augneblink som legitimerer ein elles tom eksistens og som må takast vare på og dyrkast som den kjæraste, skjøraste blome? 

Eller er kanskje også dette blikket ein tom illusjon om fellesskap? Slik at alt som står att er einsemd og død, fargar og lys. Og kunst.