Dersom du drøymer om å «duppe tean i tanga og ete ræge fra brygga» mellom slaga, er dette staden for deg. Som ein sørlending ville sagt det, «me har det så greit atte». Velkommen til barneavdelinga i Kristiansand!

Tekst: Signe Hatteland, Kristiansand. Signe.Hatteland@sshf.no

Eit lite tilbakeblikk

I starten var barneavdelinga i Kristiansand kun ei «barnestue» under medisinsk avdeling i det gamle sjukehuset i Tordenskjoldsgate i Kristiansand sentrum. Avdelinga vart drive av to til tre overlegar i barnemedisin. På 80-talet starta for alvor utviklinga mot å bli ei sjølvstendig avdeling. Overlege Erik Bertnes kom frå Haukeland i 1980 med oppgåve om å bygge opp nyføddtilbodet. Fram til då var det ikkje anna tilbod enn observasjon og kuvøse. Fødeavdelinga låg i eit eige bygg i den andre enden av sentrum. Bertnes, som i dag er pensjonist, kan fortelje at han fleire gonger sykla i kvit frakk gjennom byen i all hast for å hjelpe sjuke nyfødde. I 1981 innførte han den første barnerespiratoren på sjukehuset, og det vakte i starten stor skepsis. På denne tida utførde Bertnes og kollegaene også ein studie for å sjå om nyfødde verkeleg hadde behov for sukkervatn som dei fekk fram til mor fekk brystmjølk, for å unngå hypoglykemi. I studien bytta dei ut sukkervatnet med saltvatn. Det viste seg at dei nyfødde ikkje fekk lågt blodsukker, men tvert om auka trivsel og mindre gulpetendens.

På grunn av alle dei tilreisande tek me hand om kronisk sjuke barn frå heile landet, særleg om sommaren.

I 1984 vart barnelege Per Vesterhus tilsett som leiar for barneavdelinga, og med stort engasjement og pågangsmot var han sentral i å bygge opp ei sjølvstendig barneavdeling. Over åra vart talet på barnelegar auka til fem. Det var først i 1990 at barneavdelinga fekk eigne lokale i det nye sjukehusbygget på Eg. Omtrent på same tid byrja barnelegane å ha tilstadeverande vakt. Dei gjekk i starten femdelt døgnvakt. Etterkvart byrja dei også med opplæring av assistentlegar.

I 2004 vart habiliteringstenesta for barn og unge (HABU), organisert saman med barneseksjonen i eit felles «Barnesenter». Dei har i dag tre overlegestillingar. Frå same år og fram til 2015 var barneavdelingane i Arendal og Kristiansand under felles leiing. I dag er det to sjølvstendige avdelingar med ulik funksjonsfordeling. Me har framleis eit tett samarbeid, mellom anna med felles video-overført internundervisning kvar torsdag.

Nokre av barnelegane hos oss. Øvst frå venstre: Signe Hatteland, Marlen Fossan Aas, Kåre Edvard Danielsen, Ole Bjørn Kittang, Elisabeth Tallaksen Ulseth, Jorunn-Marie Brekke. Midten, frå venstre: Ingvild (hospitant), Martin Kristiansen, Jorunn Ulriksen, Markus Guldberg Vik, Sunniva Fegran, Edin Dizdarevic, Susanna Andel. Sittande framme, frå venstre: Kristin Vabo Iversen og Jesse Ohene Aboagye. Foto: privat.

Nokre av barnelegane hos oss. Øvst frå venstre: Signe Hatteland, Marlen Fossan Aas, Kåre Edvard Danielsen, Ole Bjørn Kittang, Elisabeth Tallaksen Ulseth, Jorunn-Marie Brekke. Midten, frå venstre: Ingvild (hospitant), Martin Kristiansen, Jorunn Ulriksen, Markus Guldberg Vik, Sunniva Fegran, Edin Dizdarevic, Susanna Andel. Sittande framme, frå venstre: Kristin Vabo Iversen og Jesse Ohene Aboagye. Foto: privat.

Barneavdelinga i dag

Barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansand tilbyr tenester til barn frå 0-18 år og har årleg rundt 3000 innleggingar og 11000 polikliniske konsultasjonar, som inkluderar -HABU-konsultasjonar. Forutan HABU og poliklinikken, -består avdelinga av tre sengepostar. Nyføddintensiv -behandlar sjuke nyfødde og premature ned til gestasjonsveke 26. Barna etter nyføddperioden er fordelt på ein generell medisinsk- og ein infeksjonssengepost. Barn som er innlagt med kirurgiske-, ortopediske- og øyre/nase/hals-problem-stillingar, ligg også fysisk på barneavdelinga. Slik vert alle barn ivaretatt av barnesjukepleiarar, og det gir eit godt grunnlag for samarbeid på tvers av dei ulike legespesialitetane.

Legestaben har omlag 18 årsverk, der 8 er legar i spesialisering. LIS utgjer primærsjiktet i vaktordninga, deltar i ein fast rotasjon mellom dei tre postane og har sjølvstendig poliklinikk. Overlegane har kvar sine fagfelt, men alle må kunne handtere generelle barnemedisinske problemstillingar for å kunne arbeide ved dei ulike postane og delta i vakt-ordninga. Det er óg ei eiga nyføddvakt dei dagane bakvakta ikkje har spesiell nyføddkompetanse. Ein dag i veka reiser ein av barnelegane til sjukehuset i Flekkefjord for å gjere barselundersøking ved fødeavdelinga der. I tillegg jobbar tre av legane frå barneavdelinga også med overgrep mot barn ved Statens barnehus, som dekker området Aust- og Vest Agder. I samarbeid med Avdeling for førebyggande medisin har me også eit eige tilbod til barn og ungdom med overvekt.

«Med tean i tanga»

Kristiansand er ei sørlandsperle og kan freiste med badestrand midt i sentrum, fiskebrygge og ei livleg gågate. Det er nydelege turområde tett på bykjerna, både langs skjergarden og i heia, og det er kort veg til fjell og skiområde oppover i Setesdalen. Dyreparken er også eit ynda feriemål for både barnefamiliar og pasientorganisasjonar for barn. Det gjer sommarane langt frå kjedelege på sjukehuset. Førre sommar var det uhyggeleg mange badeulykker, slik at overlege -Dizdarevic såg seg nøydd til å gå ut i media for å minna foreldra om å passe godt på barna sine. På grunn av alle dei tilreisande tek me hand om kronisk sjuke barn frå heile landet, særleg om sommaren.

Lege i spesialisering Anne Kathrine Olsen på vakt i jula. Foto: privat.

Lege i spesialisering Anne Kathrine Olsen på vakt i jula. Foto: privat.

Kunnskap og fagutvikling

Me jobbar aktivt med å oppretthalde eit høgt fagleg nivå. Det er stor satsing på akuttrening for å sikre kompetanse innan mottak og handtering av det akutt sjuke barnet. Kvar fredag bruker me morgonen til å trene på ulike scenario saman med sjukepleiarane i avdelinga, eller prosedyretrening for legane. I tillegg har me annakvar torsdag scenariotrening i akuttmottaket saman med anestesipersonell og akuttmottakssjukepleiarar etter BEST-konseptet (Bedre og systematisk teamtrening). Barnedelen av BEST vart utvikla her ved Sørlandet sjukehus.

Sørlandet sjukehus har ein stor forskingsproduksjon til å vere eit sjukehus utanfor universitetsmiljøa. To overlegar ved barneavdelinga har doktorgrad og delstillingar som forskingsrettleiarar. Fleire av legane driv nå aktiv forsking.

På Sørlandet er det høg førekomst av borreliose, og det nasjonale kompetansesenteret for flåttbårne sjukdomar ligg her. Den høge førekomsten gjer at me må tenke på denne sjukdomen som ein differensialdiagnose ved uklare tilstandar. Derfor utfører me ein heil del spinalpunksjonar med spørsmål om nevroborreliose.

Avdelinga har eit breitt behandlingstilbod for barn med kreft og gir dei fleste kurar lokalt i samarbeid med Rikshospitalet. Dette er ein stor fordel for barna og familiane deira, som i ein krevjande livssituasjon kan få meir av behandlinga nær heimen.

På Sørlandet er det høg førekomst av borreliose, og det nasjonale kompetansesenteret for flåttbårne sjukdomar ligg her.

Sørlandet – ikkje langt nok sør?

Sørlandet sjukehus har i ei årrekke hatt eit samarbeid med Haydom Lutheran Hospital i Manyara, Tanzania. Mellom anna var legar frå barneavdelinga svært involverte då det vart bygd ei ny barneavdeling på Haydom i 2004. Midlane til bygging av barneavdelinga kom frå Lena-stiftelsen. Lena var ei av -offera i Baneheia-saka, og avdelinga har derfor fått namnet «Lena Ward». Det er fleire av legane her som har jobba ved Haydom. Overlege Jorunn -Ulriksen fyller stadig reisekofferten med medisinsk utstyr til barna på -Haydom, og kjem heim att med kofferten full av nye erfaringar som ho deler med oss andre.

«Så greit atte»

Ved Barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansand  har me ein variert arbeidskvardag med engasjerte kollegaer som tek godt vare på kvarandre. Avdelinga er så stor at ein får sjå eit breitt spekter av barnemedisinske problemstillingar, samstundes er den så lita at ein er involvert i det meste av det som skjer. Dersom du drøymer om å «duppe tean i tanga og ete ræge fra brygga» mellom slaga, er dette staden for deg. Som ein sørlending ville sagt det, «me har det så greit atte».

Kristiansand sentrum. Foto: Arild Danielsen

Kristiansand sentrum. Foto: Arild Danielsen