Barneavdelinga i Førde er truleg ei av dei få 100% generellpediatriske avdelingane i landet, og vi driv eit heilt sjukehus i vår eiga avdeling. Eit bitte lite barnesjukehus faktisk. Korleis det? Jo, det skal vi sjå litt nærare på her…

Tekst og foto:  Anders Bjørkhaug, Førde

Barneavdelinga ligg i Førde i Sunnfjord, som ligg relativt sentralt plassert i (førebels) eige fylke Sogn og Fjordane. I Sunnfjord stikker tradisjonane for barneomsorg djupt i historia. På 1700-tallet og 1800-tallet var Sunnfjord-bygdene «hovudleverandør» av ammer til Bergen. Her fødde dei opp spedborna til dei kondisjonerte, fordi husfrua ikkje ville ta bryet med å amme borna sine sjølv. I dag er Sunnfjord ei viktig leverandør av dyktige LIS-legar og unge nyutdanna sjukepleiarar til bl.a. Barne- og Ungdomsklinikken i Bergen, og slik sett held vi på tradisjonen.

Viktig med gode sosiale reiser. Her frå Ytre Fure på Stadlandet i 2011.

Viktig med gode sosiale reiser. Her frå Ytre Fure på Stadlandet i 2011.

Fram til 1970 var Førde ei anonym bygd med jordbruk og handel inst i Sunnfjord, og Sogn og Fjordane hadde ikkje spesialisttilbod til sjuke barn. Det kom eit stort skifte då styresmaktene gjorde Førde til såkalla vekstsenter og det vart bestemt å bygge opp eit fullverdig sentralsjukehus for fylket.  Eit nær 10 etasjars bygg ferdig 1979 og Barneavdelinga kunne starte i moderne lokale. Avdelingas første sjef var Arne Søvde. Frå 1984 overtok Jens Terum som leia avdelinga i dei neste 20 år. Både fagleg og som leiar var han flink til å utvikle avdelinga og sikre drifta. Det kom godt med for rekruttering at han hadde gode kontaktar i Sverige og fekk ei rad dyktige svenske barnelegar innom i ein dels vikarierende legestab. I starten var legane svært få, sjølv om drifta tilsa ansvar for like mange sjuke born og nyfødde som i dag. 2-delt og 3-delte vaktar var ikkje uvanleg. I tillegg til dei få barnelegane i Førde, hadde lokalsjukehuset i Nordfjord og Lærdal fast tilsett barnelege som ytte legeundersøkelser av nyfødde og poliklinikktilbod i eigen region. Ole Sverre Haga reknast som ei nestor innan norsk pediatri. Han arbeidde som barnelege i Nordfjord frå midten av 70-tallet, og var ein av grunn-leggar-ane for omgrepet områdepediatri. Han skrev også den latinfrie pediatriboken «Hverdagspediatri», som har vore eit inventar ved helsestasjoner og legekontor over heile landet. Seinare år har forfattaren av denne artikkelen forsøkt halde liv i boka gjennom eigen revisjon.

Næraste topptur kan gjerast med ski på beina utanfor sjukehusdøra

Barneavdelinga i Førde har over tid sikra seg med å rekruttere blant sine eigne. Både dei med geografisk tilhøyre, og dei som føler tilhøyre sjølv om geografien var ein heilt anna stad. Det går sjølvsagt an å vere Jølstring, fødd i Sverige. Ein anna kar fann ut at han faktisk hadde flytta «heim» frå Bergen, då han fann både 5- og 6-menningar i fylket. Vi ser altså nå starten på ei folkevandring tilbake til Sunnfjord.

Det kan bli trangt og intimt rundt spedborna. Vi ser fram til ny sjukehusavdeling.

Det kan bli trangt og intimt rundt spedborna. Vi ser fram til ny sjukehusavdeling.

I Sogn og Fjordane bur der 110000 innbyggarar, med eit fødselstal på ca 1000 nyfødde/år. Vi har 3 sjukehus i fylket, men Barneavdelinga si sengepost ligg i Førde. Dette er ei av landets minste sengeposter for barn, der for tida 6 LIS og 7 overlegar er i fast drift. Vi tek imot premature born ned til 31 vekers gestasjonsalder ved ei trong og lita kuvøseeining. Alle kirurgiske og medisinske barn er elles samla i same sengepost. Vi har ein eigen poliklinikk i Førde, men tilbyr også poliklinikk ved lokalsjukehusa. Habiliteringstenesta for barn og unge er styrka med eit vidt spekter av ulike profesjonar som samla gjer eit godt tverrfagleg tilbod innan utgreiing, behandling og rettleiing for foreldre, skule, barnehage og lokalt helsepersonell. Det er eit godt samspill med barnelegane, og ein av barnelegane arbeider tettare opp mot denne pasientgruppen. I oktober opna Barnehuset i Bergen ei eigen Barnehus-avdeling i Førde. Inge Nordhaug omtalte den under opninga som Bergens nye støyl i Førde. Barnelege og sjukepleiar frå Førde hjelper her til med støylsdrifta.  Barnelegane i Førde ambulerer både til Nordfjord og Sogn for å yte desentralisert tilbod, både for barn som skal ha polikliniske konsultasjonar, og nyfødde som ligg ved barselseiningar med funksjonen «god start» ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Den ambulerande legen kan sjølvsagt stoppe undervegs for å nyte utsikten til fjella langs Jølstravatnet i Nicolay Astrups rike, ta på seg SGN-skia i Sogndalsdaln for botnlaus pudder ned frå Togga, eller fiske ei laks eller to i dei tallause lakseelvene i fylket. Rekrutteringa siste åra har sjølvsagt noko grunnlag i det rike mangfaldet naturen gjer oss. Næraste topptur kan gjerast med ski på beina utanfor sjukehusdøra (Viefjellet), og beste vass sklie med badekulp er 100m frå sjukehuset. Trekker vi oss litt lengre til fjells, er jakt, fiske og naturfridom særeigne trekk. Gardane er både store og små, og gardane i Sunnfjord bidreg stort til både mjølke- og kjøtproduksjon, samt ekstra frisk luft ei kjøleg gylledag i april.

Førde vart kåra til Noregs styggaste by i 2007 av Dagens Næringsliv. Men dette er absolutt ingen partybrems. Førde er i drivande utvikling. Byen har også i mange år vorte profilert som kulturbyen, om anna med eigen Folkemusikkfestival, der deltakare og vitjarar kjem frå -heile verda. Om ikkje byen er så fin som vi skulle ønskje, fekk likevel Førde kommune prisen «Årets nynorskkommune» i 2015, og difor må eg gjere mitt meste med skriftspråket i denne artikkelen.

Gastroenterologen tek ekko i lunsjen og ­underviser nyfødd­resuscitering etter lunsj

Helse Førde er også i drivande utvikling, og planlegger nå blant anna å bygge nytt sjukehus. Vi arbeider hardt for å få til ei flott ny avdeling med familie-sentrert omsorg og behandling i fokus, og nært samarbeid med våre gode vener ved Kvinneklinikken og Psykisk helsevern for Barn og Unge.

Legegruppen på barneavdelinga (noen er fraværende)

Legegruppen på barneavdelinga (noen er fraværende)

Barnelegane våre er allsidige! Dei driv med gardsdrift, fiske, ski, toppidrett, song, musikk, lyrikk og forfattarskap. Sjukepleiarane er berebjelka i avdelinga. Når legane heller vi gjere noko heilt anna, er det sjukepleiarane som tek seg av pasienttryggleik, fagutvikling og sosial kompetanseheving. Sjukepleiarane har styrt legane med hard NIDCAP ånd siste 10 åra, og har dytta oss med PedSAFE-korta i ryggen siste 3 åra. Pasientens omsyn kjem alltid først. På jobb driftar legar og sjukepleiarar eit eige sjukehus i si eigen lille avdeling på dagleg basis. Undervisning er noko alle er involvert med i og utanfor avdeling. Legane gjer gjerne kosmetisk kirurgi på barsel før dei tek eit bleieskift. Logistisk verksemd for å best mogleg koordinere augelege, anestesi og røntgenavdelinga før spinalpunksjonen. Vi skriv sjølvsagt tilvising til MR for ØNH-legen, og ordinerer væske og smertebehandling for ortopeden. Poliklinikk gjer vi ofte innimellom, og innimellom ofte. Plutseleg sit vi også i ansvarsgruppe etter siste pasienten, aller helst med telemedisinsk utstyr. På vakttid, må gjerne barnelegen følgje ei lita sjuk nyfødd til Bergen med ambulansebil, sidan heli-kopteret ikkje kunne fly frå Bergen. Gastroenterologen tek ekko i lunsjen og underviser nyfødd-resuscitering etter lunsj. Allergologen som tek hand om dei vanskelege pasient-ane gastro-enterologen ikkje kunne nå, og dreg på hab-kurs for liksombarne-nevrologen. Nyfødd-legen tek doktorgrad på fedme, og driv -hobby-kognitiv terapi på dei pasientane alle dei andre legane har gitt opp. Så ikkje minst meg sjølv, som trudde eg var akutt-lunge–infeksjonsmedisinar,  fann ut at dette var perfekt å kombinere med habilitering, barnepalliasjon og sosial-pediatri. Det faglege perspektivet er breitt. Det emosjonelle spekteret er også breitt. Morgonmøtet kan vere latter, og det kan vere tøft. Vi kan gje kvarandre ros og vi kan gje kvarandre noko heilt anna.  Nokon hevdar vi er ei rase i ferd med å døy ut. Generell-pediataren. Poteten. Eller kva du vil kalle oss. Men vi syns det er viktig å kunne sjå heilskapen. Sjå pasienten under eitt. Bruke tid på barna og familien. Gje eit heilskapleg tilbod. Gje mobilnummeret vårt. «- Ring meg på søndag og sei korleis det gjekk!» Slik har det vore så lenge eg har arbeida her i Førde. Og no er det blitt litt poppis også. Pasienten i sentrum. Pasientens helseteneste. Høie! Det er jo oss, det!

Når ikkje skodda ligg tjukt eller regnet auser ned, er alle einige om at Sunnfjord er igrunn ganske vakkert

Når ikkje skodda ligg tjukt eller regnet auser ned, er alle einige om at Sunnfjord er igrunn ganske vakkert